Om prosjektet
Prosjektet E39 Rogfast blir verdens lengste og djupaste undersjøiske tunnel. Når Rogfast er på plass vil reisetida mellom Stavanger og Bergen bli redusert med om lag 40 minutt. Det vil samstundes leggja til rette for ein utvida bu- og arbeidsmarknad i regionen, noko som vil styrka viktige næringsklynger.
Rogfast er ein 27 kilometer lang tunnel frå Harestad i Randaberg til Arsvågen i Bokn kommune. Rogfast er ein del av ferjefri E39. I tillegg til hovedtunnelen blir det bygd ein tunnel med eit løp på om lag fire kilometer opp til Kvitsøy. Rogfast-tunnelen blir verdas klart lengste og djupaste undersjøiske vegtunnel. Det lågaste punktet er 390 meter under havflata. Planlagt byggestart i 2021. Prosjektet kan stå ferdig i 2030 eller 2031.
Du kan finne mer info om prosjekter her: